Høgskulen i Volda (HVO) er høgskulen for human- og samfunnsvitskapane i Møre og Romsdal. Høgskulen har røter attende til 1861, og har eit breitt utval av studietilbod. Aktiviteten ved høgskulen kan oppsummerast slik: Lærarutdanningar og skulefag (om lag 65 prosent), Sosialfag og administrasjonsfag (om lag 25 prosent), Medie- og kulturfag (om lag 10-15 %). Høgskulen i Volda er den høgskulen i fylket med flest studentar og har dei siste åra hatt om lag 350 tilsette og 4.000 studentar.
Høgskulen i Volda har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet mellom anna gjennom å stimulere til nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskings- og utviklingsarbeid.
Høgskulen i Volda er svært aktiv med å legge til rette for livslang læring med høg fagleg kvalitet og stor fleksibilitet i organisering og gjennomføring av studia. Med om lag 1000 nettstudentar er Høgskulen mellom dei største tilbydarane av nettstudium i landet.
HVO vil i SUSTRANS arbeide med
- Interessentanalysar
- Utgreiing av lokalbefolkning, besøkande og andre interessentar si oppfatning av utfordringar ved transportsystemet og synspunkt på eventuelle endringar
- Utvikle eit rammeverk for medverknad i transportplanlegging i rurale pressområde
Tilknyttede forskere
Nathalie Homlong Else Ragni Yttredal
Professor Forsker